FANDOM

2,054,148 Pages

StarIconBronze
LangIcon
Leopardskinnsbunadshetta di

This song is by Tom Roger Aadland and appears on the album Blondt i blondt (2016).

This song is a cover of "Leopard-Skin Pill-Box Hat" by Bob Dylan.
Eg ser du har på deg leopardskinnsbunadshetta di
Ja, eg ser du har på deg leopardskinnsbunadshetta di
Vel, du må seie meg
Korleis hovudet ditt kjennest ut under ei slik
Under leopardskinnsbunadshetta di

Vel, du ser så fin ut i ho
Kjære, kan eg trø ho flat ein gong?
Ja, eg vil berre sjå
Om ho verkeleg beheld sin fasong
Du veit, ho sit oppå hovudet ditt
Som ein kork på ei flaske
Med vatn ifrå ei fonn
Leopardskinnsbunadshetta di

Og om du vil sjå sola stå opp
Kjære, veit eg ein stad
Ein morgon kan me gå opp
Og berre sitje der og stire i lag
Eg med beltet
Surra rundt hovudet
Og du som berre sit der pal
Med leopardskinnsbunadshetta di

Eg spurde doktoren om eg kunne vitje deg
Han sa det var ein viss risiko
Ja, eg høyrde ikkje på han
Eg vitja deg
Men han var der allereie, jo
Det er greitt nok at han lurte meg
Men eg skulle sanneleg ønskje han ikkje stod
Der med leopardskinnsbunadshetta di

Vel, eg ser du har fått deg ny type
Eg har aldri sett han før i mitt liv
Vel, eg såg at
De to elska
Du gløymde å lukke garasjedøra di
Du trur kanskje han tar deg for pengane
Men eg veit at det han investerer i
Det er leopardskinnsbunadshetta di

Credits

Written by:

  • English lyrics by Bob Dylan
  • Norwegian lyrics by Tom Roger Aadland

External links

Community content is available under Copyright unless otherwise noted.