FANDOM

2,054,169 Pages

StarIconBronze
LangIcon
På pallen

This song is by Stein Torleif Bjella and appears on the album Vonde visu (2011).

Eg sit på ein ustø europall
Og syng ein nysjølskriven trall
Om det innerste i livet mitt
På handelens dag i ditt distrikt
Ein full fyr står å ser på
Klamra seg te dama
Han si at no må eg snart sjå
Å spela Sweet Home Alabama

Nokon balansere når dei gå
Hjølpelaus når det røyne på
Eg har sett uppgang og stygge fall
Frå store høgdi og frå ein pall
Som gamalt lauv i vind
Som papirbåt på svarte fjordn
Kjempa eg med musikken min
Og havarera i soln

Progresjonen er kje stor
Eg er glad du ikkje ser meg mor
I skallen svirra store ord og ting
Eg alder burde ha gjort

Takk te mor og far for at eg fins
Dei brukte å kalle meg for prins
Då var eg ein kjekk og frampå russ
No gjer eg folk nervøs og i stuss
Det er visst noko med augun
Dei klara alder å roe seg
Det smitta over på publikum
Ein prins ville alder gjort det

Progresjonen er kje stor
Eg er glad du ikkje ser meg mor
I skallen svirra store ord og ting
Eg alder burde ha gjort

Eg kryssa kyrkjegarden i dag
Gudsforlatt, men i godt slag
Ingen flagga på halv stong
Berre ein snøggtur denne gong

Credits

Written by:

Stein Torleif Bjella

External links

Community content is available under Copyright unless otherwise noted.