FANDOM

2,054,169 Pages

StarIconBronze
LangIcon
Liten ball

This song is by Stein Torleif Bjella and appears on the album Vonde visu (2011).

Eg er han som kom på sisteplass i skuleskirenn
Eg er han som kom i mål når dei andre kom heim
Eg er han som hadde skakk lugg og fritt fall
Eg er han som alder fekk te kaste liten ball

Eg er han som mista badebuksa midt i stupet
Eg er han du alder spelte ballen te
Har du nokon gong i det minste tenkt på
Det kunne ha vore deg

Eg er han som alltid rota bort gymposen
Eg er han som køyrde snurren fast i glidelåsen
Eg er han som fekk snøbank i storefri
Eg er han som fekk kledun ette storesyste mi

Eg er han som mista badebuksa midt i stupet
Eg er han du alder spelte ballen te
Har du nokon gong i det minste tenkt på
Det kunne ha vore deg

Men du har kanskje alder tenkt slik sjøl
Hadde eg møtt deg no ville du ha vore akkurat som før
Eg ville kjent deg att som tusen blåmandaga
Mens du knapt nok hugste kem eg va

Credits

Written by:

Stein Torleif Bjella

External links

Community content is available under Copyright unless otherwise noted.